Skal Førde lukkast, er folketalsvekst heilt avgjerande og vi har satt oss høge mål. Kor høge - og korleis det kan skje - kan du lese om i utkastet til visjon og mål for Førdesamfunnet, som visjonsgruppa no er klar med. Her kan du laste ned og lese innhaldet i;
Kortversjon visjon, mål og verdiar
Arbeidsdokument for visjon, mål og verdiar
John Helge Lunde har leia visjonsgruppa sidan april 2009. Dei andre medlemmene har vore Torhild Hvidsten, Bente Walaker, Grethe Øren, Tore Dvergsdal, Rahimollah Jurmy og Leif Arne Åsen. Lidvin Osland var med første året.
Planen no er at visjonen, med mål og verdiar, skal testast ut før Førde Framover avsluttar prosjektet med ein endeleg visjon. Her er det fint om så mange som mogleg deltek med innspel og kommentarar.
Dersom nokon ønskjer foredrag, kan dei ta kontakt med visjonsgruppa ved John Helge Lunde, tlf. 474 66 074.
