
Førde Framover vart etablert våren 2008, etter at ei gruppe frå Førde dro til Drammen for å lære og å bli inspirert til å utvikle byen vidare. I samband med eit folkemøte i etterkant, vart dugnadsprosjektet Førde Framover etablert.
Målsetjinga er å mobilisere innbyggarane til å bidra til at Førde vert ein attraktiv og triveleg by å bu i, å komme til og å etablere seg i.
Det er nedsett ei hovudgruppe, delt inn i tre arbeidsgrupper;
I hovudgruppa arbeider John Helge Lunde (leiar for visjon) tlf. 47466074, Svein-Arne Skuggen Hoff (leiar for byforming) tlf. 91888868, Guri Sandelien Rekve (leiar for omdømme) tlf. 99284341 og Anne-Mette Hjelle (prosjektkoordinator) tlf. 95787556.
Førde Framover er også etablert som debattforum på Origo og på Facebook.
Støtte frå Førde kommune
Førde Framover var i møte med Førde formannskap 8. mai 2008, der vi bad om støtte til arbeidet.
Tilbakemeldingane var at Førde Framover blir sett på som eit nyttig bidrag i arbeidet med omdømme-bygging i Førde. Formannskapet ser svært positivt på den entusiasmen for Førde sitt omdømme som har vakse fram.
“Omdøme kan ikkje vedtakast, men gjennom bevisst arbeid på mange plan skal vi saman skape vårt omdøme”, heiter det i brevet frå ordførar Nils Gjerland.
Han understrekar at politikarane i formannskapet ser på prosjektet som eit flott tiltak som syner at innbyggjarane i Førde bryr seg om sitt eige samfunn.
Førde Formannskap meiner at ei slik fri gruppering er svært nyttig som ein del av det samla arbeidet med omdømmebygging.

