Vi i Førde Framover vil vite kva du meiner om Førde. Kva er vi gode på, kva kan vi gjere betre og korleis vil vi ha det i sentrum. Send inn ditt forslag her…
PS. Bruk nettvett. Vi nyttar oss av retten til å redigere innhald og slette upassande innlegg.
Førde treng ikkje fleire bratte stiar. Det er det nok av i Førde og ellers på vestlandet. Hafstadfjellet har idag grei tilkomst frå fleire kantar med vegen frå Bruland som den enklaste og mest familievenlege. Prosjektet “Bystien” er eit privat initiativ og privat finansiert og såleis må private få bruke pengane sine slik dei vil sjølve.
Men likevel må folk få komme med si meining om prosjektet sia det blir på ein måte eit “offentleg” prosjekt. Planen er at dette skal koste rundt 9 mill. kroner. For det beløpet kunne ein ha fått mykje sentrumsnære turvegar som garantert hadde blitt mykje brukt. Har observert at den korte vegen over sandtaket på Vie er mykje brukt heile året. Folk på tur åleine, -i lag med andre, -med hund, -til hest, -på ski. Med andre ord verkar det som denne forholdsvis korte vegstubben blir satt pris på.
Bystien blir mest for en lokal elite spreke folk. Hafstadfjellet er 706 m.o.h. For småbarnsfamiliar med barn under 5 år er det bare å gløyme å gje seg i kast med “Bystien”. Kva når dei håpefulle går til streik halvegs? Ikkje er det noko særleg for hundar å gå opp og ned trapper. Ikkje er dette nokon gunsteg turveg for dei mange hesteintereserte som rir. Ikkje er det noko særleg med ski på beina. Og til fots i vinterhalvåret med isvullar i trappetrinna? Til sammanlikning er Aksla i Ålesund 189m.o.h. Til Aksla klarer gjerne turisten “Heinz” på 120 kg å komme seg opp med litt strev. Men i Bystien som er over tre og en halv gang så høg? Fløien i Bergen er på utsiktspunktet 320 m.o.h. Sjølv med denne høgda som er under halvparten av Hafstadfjellet vel dei fleste og ta Fløibanen til tops.
Tenk kor mykje sentrumsnære turvegar ein kan få for 9 mill.? Kva med en grusa turveg frå Vieåsen området til Farsundfeltet, gjerne med belysning? Her kunne gåande, joggande, syklande, ridande, skigåarar i alle aldrar nytta vegen året rundt. Garantert ein suksess og noko som Førde sentrum treng. Det er riktignok turvegar på Langeland men det er eit stykke unna og ligg på over 300 m.o.h. De er på grensa til å verte kalla “sentrumsnært”. Kanskje også fleire bedrifter og private ville ha vore med å støtta dersom eit alternativ med sentrumsnære turvegar hadde blitt lagt fram?
Mange i dag slit bl.a. med overvekt og bør mosjonere meir. Trur neppe ein vil finne så mange av desse i den planlagte Bystien.
Ein bør også tenke på at Førde som en tilfyttingsplass har tilflyttarar frå heile landet. Det er mange som kjem frå stader med et flatare terreng og føretrekke det når dei vil gå seg en tur.
TIl styret for Bystien: Det er lov å tenke nytt og og det er ingen skam og snu (før det er for seint)!
Vi skulle hatt eit pick-up-point i Førde.
Det fins eit i florø, men det kunne gjerne ha vore eit i Førde også; å setje opp eit i Førde krev dessutan ikkje så mykje. Eit PUP ville ha tilbydd eit alternativ til den dyre post leveringa landet gjennom frå nett-butikkar osb. som tilbyr pick up point levering. Det kunne óg ha gjeve ein ny arbeidsplass, eg trur mange ville tatt i bruk eit pup fordi den skil seg frå den vanlege post-leveringa ved at ein reiser dit og henter pakkane sine sjølv, og slepp dessutan å vente på den heime hos seg på at den skal bli levert på postkontoret.
Dessutan blir det fort mykje billigare; for ikkje å nevne lettare for dei som skal levere pakkane. Ei levering som ville kosta 169,- kroner via posten kunne ha kosta 39,- kroner via pick up point. Eg trur mange ville vært villige til å spasert bort og henta pakken sin, dersom dei visste at dei kunne fått den levert nokre dagar tidligare og i tillegg 130 kr billigare. (Som om tollavgifter ikkje var nok!)
Ein kunne tatt i bruk eitt av lagerromma på ICA-bygget, for eksempel, til eit pick up point.
Førde framover
v/John Helge Lunde
Egil Hjelmeland
Hornnesvegen 33b
6800 Førde
Viser til oppslag i Firda 15. januar, der Førde Framover etterlyser meiningar om korleis Førde by kan få ein samlande attraksjon.
I artikkelen vert det og hevda at Førde manglar ein verkeleg ”identitesbyggjar”. ”Eit sundfjordsk Eiffeltårn”.
Kva med eit fokus på Førde sin største kulturperson gjennom alle tider, komponisten Johannes Haarklou frå Førde kommune?
Så langt i Førde si kulturhistorie er det berre komponisten Haarklou som er slått til riddar av 1. Klasse av den Kongelige Norske Sanct Olavs Orden.
Grunngjevinga på diplomen er fylgjande: “For fortjenstfuld kunstnerisk Virksomhet.” Livsverket er elles synleggjort i professor Benestad sin doktorgrad i boka: Mannen og Verket frå 1961, der han mellom anna seier det slik::” Som komponist er Haarklou utvilsomt en av de mest allsidige komponister som Norge noen gang har hatt, men han levde i vårt musikklivs ”gullalder” og måtte finne seg i å bli stilt helt i skyggen av Grieg, Svendsen og Sinding”.
Som Bergen bygger identitet rundt Grieg, skulle Førde og kunne skape fokus og samlande identitet rundt ein langt større og meir allsidig komponist
enn sine samtidige. Som korkomponist er det ingen som slår Haarklou. Sidan
”Eiffeltårn” er nemnd i avisa, kan ein nemne at Haarklou fekk æra av å dirigere eit stort norsk mannskor som song Varde i Paris under 1000-års jubileet.
Førde som kulturby?
Torsdag 13. mai 2010, er det 85 år sidan Haarklou døde.(Helgedag i år)
Kva med å innføre ”Haarklou sin dag”.
Førde har tre korps og fem songkor. Tekst og melodi til Varde ligg klare både for kor og korps.Kva med å oppmode Førde kulturskule til å koordinere eit opplegg, der korps og kor øver inn melodien Varde for framføring i sentrum 13. mai 2010?
Monument av Haarklau i sentrum?
I 1927 reiste vener av Haarklou ein minnestein i Haukedalen. Steinen har eit relieff av Haarklou, som er laga av bilethoggaren Maja Refsum. Dette vil truleg kunne kopierast og brukast på eit monument i Førde.
Tidlegare leiar i Førde framover, Lidvin Osland, sa i eit intervju med Firda:”Dersom det skal reisast eit monument i Førde, bør det vere av komponisten Haarklou!”
2
Haarklou og Førde internasjonale musikkfestival.
Folkemusikkfestivalen er den største i Noreg og presenterer variert folkemusikk frå ulike kulturar verda rundt. Når Førde kommune i dag kan skilte med ein av Noregs mest allsidige komponistar som i tillegg har gjort ein nasjonal innsats i høve historia til folkemusikken, og komponert fleire verk med sterk tilknyting til folkemusikktema, ville det vere naturleg å bruke Haarklou som festivalkomponist og presentere deler av Haarklou sin musikk bygd på folkeviser. Å kunne knytte Førde sin største kulturperson til folkemusikkfestivalen, vil kunne danne enno sterkare musikkhistorisk fundament for festivalen.
”Kjerringa med staven var frå Haukedalen!”
Det er statsstipendiat Arne Bjørndal (1882-1965), som har granska seg fram til dette, og i ein samtale med Gula Tidend 30. desember 1961, slår han fast at det ikkje er tvil om at denne landskjende kvinna var vestlending.
Sjølv om festivalen hentar inn spennande folkemusikk frå heile verda, vil ei samtidig fokusering på ei folkevise som kan ha rot i vårt eige nære miljø, heilt klart kunne knytte festivalen sterkare til lokalmiljøet.
I festivalen sitt opptog gjennom Førde sentrum, burde folkevisa Kjerringa med staven fronte prosesjonen på ein eller annan måte. Saman med Indre Sunnfjords Spelemannslag kunne song og stordansgruppe leie opptoget og for første gong kunne tilskodarane langs marsjruta synge med på teksten og styrke sin patriotisme og Førde-identitet.
Guinnesrekord
Sidan folkevisa Kjerringa med staven, er ein stordans som ring, kunne ein prøve å sette verdsrekord med at førdefolk danna ein stor ring som gjekk over begge bruene, (Langebrua og Storehagen bru.) Dei tre korpsa kunne plasserast på tangen ved Fisketorget, eller på ulike områder i sirkelen.
Med mykje folk kunne ein danne fleire ringar som gjekk motsatt veg.
Skuleelevar og pensjonistar kan ta del t.d. 13. mai, på Haarklou sin dag.
Ringane vil kunne dannast utan at biltrafikken vert direkte hindra.
”Verdens største folkedansring i Førde by”.
” Førde kan bli ei drivkraft med menneska i sentrum”
Lukke til videre med dugnaden!
Venleg helsing
Egil Hjelmeland
Kva i alle dagar har denne gyllelukta her i Førde by å gjere? Uansett; eg sprettar iallefall sjampanjen den dagen siste gyllevogna i Førde by er parkert for godt!! Skal Førde vere by så får vi innrette oss deretter, og få vekk gardane rundt sentrum snarast råd. Det meiner iallefall eg, så får andre meine det dei vil.
DANSENS HUS I FØRDE
Visste du at Førde har to danseverkstadar? At dei rekrutterer unge og håpefulle dansarar i store mengder frå 4 til 20 år? Og at dei årleg set opp store danseoppsettingar og at mange er med på turnear rundt i fylket – og til og med opptrer internasjonalt? Trur du som eg at det snart er tid for at Førde no får sitt eige ”Dansens Hus”, ein stad der kanskje både danseprosjektet til Ove Henning Solheim, ”Dans uten grenser”, med hovudsete i Sogn og Fjordane og Førde, og Jorunn Reina sin danseskule, ”Danseverkstedet i Førde”, kan få meir permanente og lenge etterlenga tilpassa lokale?
Begge danseverkstadane har nett hatt sine våroppsettingar, og for oss som så heldige å få oppleve dei er det nokså eineståande kva dei maktar å få til – kvar på sine måtar. Som far til fire danseglade jenter der fleire av dei har gått – og går – på begge dansekverkstadane, veit eg litt om kva desse to kulturentreprenørane er i stand til å få til. Eg synest også at der litt morosamt at begge danseverkstadane faktisk er private tiltak. Og at det fungerer! Utfordringa er likevel at dei må få ”rom” og grunnlag for å kunne utvikle seg og gjere satsinga deira ”bærekraftige”.
Eg trur det er potensiale for å utvikle dette vidare. Men då er eigna lokale basert på langsiktige avtalar heilt avgjerande. Eg trur òg Førde, Sunnfjord og Sogn og Fjordane kan vere med å utvikle den ”dansefeberen” som faktisk har gått – og går – hos oss. Sjølv har eg vore så heldig å få vitje Holstebro kommune i Danmark, som har utvikla dansen på ein djerv og livskraftig måte. Holstebro er nemleg heimstad for fleire teater og ballettkompani. Eit av dei er Det Kongelige Teaters Ballettskole i Holstebro med fire linjer – Balleskolen, Schaufuss Balletten, Danselinjen, og Nordvestjysk Talentcenter. Linjene har til saman 140 elevar og 30 tilsette – sjå elles heimesida deira her - http://www.balletskolenholstebro.dk/. Det artige er at Holstebro ligg så langt unna København som det er (nesten) mogeleg – likevel har dei klart å etablere ei lokal avdeling av Den Kongelige Ballettskole nettopp her!
Noko for Førde?
mvh, trond ueland, far til fire dansarar
Etter å ha vore småbåteigar eit års tid har det slått meg kor få minutt det er frå Førde ut til innbydande holmar og nes.
Ein av dei større holmane eller øyane i Førdefjorden ville vore perfekte til anten teambuilding-turar eller blåturar for bedrifter, eller eksotiske reiseopplevingar for turistar.
T.d. kunne ein båteigar med litt større båt enn meg og avtale med grunneigar tent nokre kroner i veka på å skysse dei ut til holmen, vise dei telt- eller lavvoplass, klargjere bål o.l., og etterlate dei til seg sjølve saman med forsyningar til neste dag.
Eg er sikker på at det hadde vore eit spennande tilbod, som Reisemål Sunnfjord, hotella og andre heilt sikkert ville hatt glede av å marknadsføre. For å få ein pangstart er det berre å invitere Reiseradioen på P1 til å våge seg ut på overnatting saman med ei lita gruppe turistar.
1. Eg syns at det burde komme fleire motebutikker for Barn/Ungdom, der dei selger solbriller, kle, sko, jakker og meir
2. Eg syns også at barn & ungdom kan få eit klubbhus eller noko lignande, som dei kan jobbe med lekse i etter skuletid, og kan bli ein nattklubb med diskotek om kvelden.
Førde har allerede alt fra naturens side, men vi som bor her har det med å rote det til. Grepene som er tatt de siste årene med å vende sentrum mer mot elva (Jølstra) synes jeg er bra. En musikkpaveliong i Nynorsken skog vil kunne gi Førde et løft mot å bli et Bergen i miniatyr. De syv fjell har vi allerede. Se bare hvor vakkert det er i Førde (følg linkene)
http://www.youtube.com/watch?v=bBc7Vtzjcco
http://www.youtube.com/watch?v=HhEJxegDXBI
http://www.youtube.com/watch?v=U7sRn31lAv4
http://www.youtube.com/watch?v=_vo3UeQPYIE
http://www.youtube.com/watch?v=zI8l2Kgfd0Q
http://www.youtube.com/watch?v=t7K5XmZ6WZ4
http://www.youtube.com/watch?v=8BLCE9hcMeI
Lag folkepark ved Sjøhola! Området med vassdraget opp til Tåene er et gammelt kulturlandskap som samtlige bør se verdien av. Garvarhola ved kirka blir mer og mer utgravd av alt vannet som er tilført vassdraget. Mur opp igjen elvemurene før resten forsvinner. Dette miljøet hører også til den freda bygningen på Kirkevolden og viser helheten i dette gamle miljøet. Videre kan det bli et flott turområde med park til byens beboere, langt fra trafikk og støy. En kulturhistorisk park i gamle Førdes fotspor!
Vårløysing!
Ein kan bli våryr av mindre. I desse dagar skjer det ein liten revolusjon når det gjeld nye flotte tiltak for å bygge Førde. Ikkje før vi har fått presentert og applaudert planar for utbygging av friområde ved Anga med bade og tumleplass, så kjem det spennande planar på bordet for idrettspark på Hafstad. Samtidig vert ”Bystien” presentert som eit nærståande prosjekt , og alt dette medan ein er i ferd med å sluttføre gangvegen som vil inkludere Jølstra i bybildet. Dette er rett og slett ein honnør til arbeidet og planane ein har med å få Førde framover!
Eg er dansk, har budd i Førde i godt 20 år og får ofte besøk. Besøket ynskjer gjerne å sende postkart - desverre finn vi ikkje postkart som viser dagens Førde.
No skal eg snart flytte til Førde. Og eg både gler meg og gruar meg litt. Det er mykje positivt med byen og eg ser fram til eit snev av urban livsstil. Men det er også nokre ting med Førde eg ikkje likar, bilane som skal fram overalt og parkere kor som helst, mangelen på tiltalande grøntområde og naturlege treffstader ute. Mitt store ønske er ei lang, triveleg gågate på sørsida, med utekafear, salsboder, eit roleg, miljøvennleg og bilfritt område. Og elva som kom til sin rett. Eg ser det føre meg og eg skulle ønske både politikarar og næringsdrivande torde tru på at Førdefolk er modne for eit slikt bymiljø no. Det ville vere eit svært godt alternativ til handelshusa og biltrafikken på “hi sida”, eit alternativ eg trur mange ville foretrekke. Tenk estetikk! Og eit tips; spør ungdommen kva dei vil ha!
Tips: Gå innom Førde Framover-sona på Origo http://fordeframover.origo.no/-/sandbox/show/94159_foerde-framover. Der ligg det også mange gode forslag og bilder. :-)
Så gøy at de vil bruke denne sangen og koble den med ordføraren vår. Trur han tolar det godt. Eg har ikkje teksten, men dersom klassen deler seg i grupper og tek kvart sitt vers burde det gå raskt. Lukke til! :-)
Har de teksten til Førde sangen? Vi har eit prosjekt i klassen om Nils Gjerland og vil gjerne ha ein sang om Førde, og syntast at sangen passar heilt perfekt !
Flott at de skriv inn meiningar og idear. Dette kan sette “griller” i hovudet på kven som helst…. Bra! Helsing koordinator for Førde Framover Anne-Mette :-))
Hei, eg er 12 år og vill at barn og ungdom kan sjøve bidra med musikk og radio. Altså, eg vill at mindreårige personar kan være med i ein radio stasjon og ha det litt gøy både for barn til voksne. Ikkje eit barneprogram, men noko gøy som vi kan bidra med på ein radio.
Grunnen til at eg vil gjøre dette er at den radioen som vi har. Førde radio eller ka no den heilter er litt kjedelig, og eg vil at vi born kan hjelpe til og få litt liv der! Epost meg vist det er noko du vil spørremeg om på: vemund-96@hotmail.com!
Godt Nytt År til alle! Eg sit her i det vakratse buområdet i landet; Viåsen. Vi skulle gjerne ha flytta veggen, så vi kankkle på oss skiklær og anna på veg ut, men det vil med kommunale reglar i Førde føre til krav om paqrkeringsplassar av eit omfang som vil legge mykje av skogs og bruksområdet i Viåsen under asfalt.
Og det nokre sider ved administrasjon og politikk i Førde som når det kjem til viktige veivalg så vinn bil og kapital over estetikk og mjukare verdiar. Eg veit at mykje er på gong i Førde, og det er ein bra stad å leve, men nokre regler slik som parkeringsplassreglane i Viåsen viser at dei “gamle” haldningane vinn fram.
Elles stør eg innspela som eg har funne over, flott med kort veg til fhell, fjord, hav og isbre!
Ser gode forslag om parkar, ta vare på grøntareal og om sykkelvegar - gangvegar.
Eg forslår ein samanhenganede park langs med Jølstra frå brua på Vie og til Hafstad vgs - gjennom denne bør det gå ein gang og sykkelveg som er opplyst. Gang og sykkelvegen kan gjerne gå vidare på halvøya mellom Jølstra og Anga opp til Høgskulen og med bru over Jølstra knyte seg saman med den som går frå Vie-brua.
Eg trur dette vert eit godt alternativ for mange av dei som syklar langs Angedalsvegen på veg til skule eller sentrum. Dessutan er det mange som gå tur langs Angedalsvegen og E39 - for dei må ein slik gangveg verte eit løft….
Eg ser og positiv vilje til parkeringsavgift. Bruk denne til å lag eit parkeringshus over E-39 ved øl-polet. Dersom ein kunne få flytta buss-stasjonen hit ville ein kunne få handelen på Førde sør til å blomstre (som bystasjonen i Bergen..) - og fekk ein samtidig busstastasjonen vekk frå der han ligg no, kunne ein opne opp for eit flott naturområde i sentrum.
Takk for mange flott forslag. Alle vil bli drøfta i gruppene og ende opp i sluttrapportar. N.d.gj. framlegget om nokon kan ta “ballen” med å samle alle helsetilboda i Førde, så er det ein tanke som allereie er drøfta på møtet i omdømmegruppa den 23. oktober. Der beslutta gruppa å gå vidare på ideen.
Førde har eit utruleg godt tilbod innan alt som har med helsa vår og velvære. Er dette noko vi kan sete fokus på ? Kan det være at vi bør få fram alt vi har av tilbod innan helse og velvære. Eg trur det kan være ein god ide. Tar nokon jobben og får fram ei oversikt ?
har du sett, det er sjølsagt 11 november vi inviterer til ope møte.
Ønsker bevisst haldning til utforming av nye bydeler. Nett no vert det jobba med å utforme både innhald og vegar på hafstad bydel. No kan vi tegne ein heilt ny del av byen vår, her er blanke ark, som alle må være med å legge farge på. Eg ønsker meg at vi setter krav til område, aller helst slik at dette blir starten på Førde sitt nye ansikt. Den måten vi ( alle i Førde ) vil at nye områder skal sjå ut. I dette område skal vi ha idrettspark, barnehage, trussamfunn, næring og bustad. Kan vi få til dette slik at verda rundt oss seier sjå til Førde , og utforming av den nye mangfaldige Hafstad bydel.
Arebeidarparti gruppa innviterer til ope møte tysdag 11 oktober kl. 18.00, tema utforming av hafstad bydel. stad vert annonsert. Alle er velkomne .
Her er ein fin programserie som er relevant å få med seg:
http://go.vg.no/cgi-bin/front.cgi/0/http://atvs.vg.no/player/?id=18885
Det hadde vært flott om man kunne laste ned et kart over Førde sentrum fra disse nettsidene hvor man kunne lagt inn konkrete forslag til forbedringer elektronisk. Dette kunne gjort debatten om hva som er mulig i Førde mer konkret og spennende.
Bil på sokkel i Førde sentrum!
Eit særmerke. Eit augefeste. Noko dei andre ikkje har. Noko som kjenneteiknar oss. Førde er bilbyen. På høgde med Detroit. Førde er vegkrysset. Møteplassen. Folk kjem med bil hit på handel. Med bil hit på kultur. Med bil hit til sjukehuset vårt og på bilhandel. Trafikkløysingane våre kunne vore langt betre. Javel! Bilen er likevel eit ikon som særmerkjer oss. Ingenting å skjemmast over. Rop det ut med kjærleik: Førde er eit vegkryss!
Gi oss ei bilstatue på sokkel. Høg sokkel. Eit skikkeleg kunstverk av ein proff kunstnar etter seriøs konkurranse. Ikkje ein ekte bil. Men ekte kunst. Om bilen, vegkrysset og møteplassen.
EIt slikt kunstverk er unikt. Sjølv bilbyen Detroit har ikkje eit bil-monument. Slå til. Ideen er heilt gratis. Ideen er djupt seriøs. Ideen er unik. Køyr på!
Det er mange ting som kan få Førde framover, men noko meir vørnad over det grøne arealet i sentrumskjerna som ikkje er utbygd kunne eg tenke meg. Ein har lett for å sjå på sentrumsnært grøntareal som ein ubrukt ressurs. Eg vil tilrå alle å gå opp på ein topp og sjå utover Førde sentrum. Eg vil tippe at blikket ganske fort vil lande på dei grøne flatene på indre øyrane(litt avhengig av kva topp/haug du har funne deg) Tenk så for deg at desse flatene er utbygd - det vert ikkje heilt det same……
Så treng vi ei skikkeleg prioritering av gang og sykkelvegar, med vekt på og - altså gjeren kvar for seg og gjerne langt frå bilvegar. Å sykle er ein framifrå måte å kome seg fram på! 40% av alle bilturar her til lands er kortare enn 3 km, altså ei fin sykkellengde! DEt ville etter mi vurdering få Førde frammover og framifrå for miljø og folkehelsa!
Trur det kjem til å skje mykje bra her i Førde framover. Dei folkevalde og næringslivsfolk har vore til Drammen og sett på elvebyen der - og vonaleg fått viktig inspirasjon der. Ein del av opprustinga langs elva er allereie igang. Det som eg meiner er største problemet for Førde er at dei fleste innbyggjarane bur for langt frå sentrum. Førde sentrum er nesten folketomt etter at butikkane stengjer, og dette er svært beklageleg. Etter mi meining burde mange fleire bu innanfor ein radius på ca. 1 km som ein då kunne definere som sentrum. Ein klarer ikkje å skape eit aktivt sentrum så lenge innbyggjarane må i bil for å nå det! Dei fleste bur så langt unna at bil er og blir det naturlege valet når ein skal på jobb eller til sentrum. Ein kan gjerne leggje tilrette for møteplassar og fine parkområde, men sjarmen med dette blir liksom borte når ein må køyre bil for å nå dei.
No skal det nemnast at det er ein del positive ting på gang med bustadbygging på Falkenstein. Dette området ligg ca. 800 m frå sentrumskjerna så dette er etter mi meining eitt av dei beste områda å busetje seg i Førde i dag. Elles heilt samd med Solbakken i at kanalen og Løkenområdet bør opprustast. Det var vel snakk om noko bustadbygging her òg i si tid?
Uansett kva ein gjer framover så er iallefall fortettning i sentrum nøkkelen! Mange, mange fleire må bu i sentrum!! Elles får vi det aldri til.
Vår vesle familie har reist ein del rundt i Europa med bil og det første inntrykket vi får av ein tettstad eller by er ofte avgjerande for om vi slår oss ned nokre dagar. Blomster og benkar/små koslege sittegrupper betyr mykje. Der meiner eg at Førde har eit kjempe potensiale. Der som det heng bannera ved t.d landskyttarstemne og musikkfestival burde ha hengt flotte blomar utanom slike dagar. Bruene våre burde vi ha pynta og vist fram som vår stoltheit. Det gjer godt førsteinntrykk.
Det har vore ein erfaring at ungdom frå 14-15 år har vanskeleg med å få seg arbeid her i by,n kanskje kunne det vore ein ide å lage ein sommarjobb med stell, planting av uteområde i Førde som var styrt av nokre vaksne men arbeidskrafta var ungdom. Då kunne ungdommen tjent seg nokre kroner og fått tilhøyrigheit til plassen. Det er rart med det ein sjølv har planta og stelt er i neste omgang vanskeleg å øydelegge. Ved festlege høve øydelegg ein heller ikkje noko kameraten har laga.
Rydding av skog rundt Anga har gjeve meg ein god opplevelse av å sjå vatn og større “fri” følelse. Men her er mykje krat og skog enno sjølv om det som er gjort er supert.
Vår erfaring med å ha med syklar på tur er flott. Det første vi ser etter er ein turistinformasjon med sykkelkart eller turkart over området. Finst dette i Førde? Ligg det bykart i resepsjonen på Sunnfjord Hotell? Vi i Førde har ein unik moglegheit å vise fram både bygd og by innan for ein liten avstand. Kva med å sykle innover Angedalen, gå ein tur opp på Ramstadstøylen, nedatt over brua og tilbake, kjempe flott. Sykle mot Kletten gå opp dit og sjå utover for så å komme tilbake til sentrum og kjøpe is og kaffi på ein utekafe. Flotte løyper på eit bykart. Eit kart over flotte fjellturar i område burde også vore allemannseige.
Vi burde hatt utleige av syklar i sentrum.
Vi har unike moglegheitar i Førde om ein flyttar ein del av sentrum ut i gatene om sommaren.
Alle mulighetane som naturen rundt Førde byr på er utruleg viktig for meg.
Kajakk padling ned Jølstra er fantastisk og sidan eg har vokst opp på Korsen i Førde har eg og padla og rodd mykje rundt løken som no snart er heilt tilgrodd.
Her burde det vere mulig å gjere noko. Berre sjå på kva dei har begynt på bak handelshus 2. Tenk å forsette ein slik kanal oppover løken forbi Sunnfjord Hotell og Gamleheimen og rundt til båthavna.
Dette kunne bli Førde sin “Central Park”. Med fine turstiar og gangvegar langs kanalen. Trur både Sunnfjord Hotel og Firda billag ville vere med på å ta litt av kostnaden på dette.
Kva mulighetar opnar seg rundt dette… turområde for alle, robåtutleige for turistar og lokalbefolkning, ein koseleg kafe inntil løken, etc…
Kva eg likar best med Førde? Mulighetane!!!:-)
Vi burde ha ein fin park. Med fontener, benkar osv. Slik som i dei store byane, eg trur den hadde blitt godt brukt.