Sluttmarkering av Førde Framover

Publisert 7. august 2010 under Byforming, Omdømme, Visjon

Byformingsgruppa i FirdaFørde Framover inviterer alle som har vore involvert i prosjektet til ei sluttmarkering 8.september 2010, på Rica Sunnfjord Hotel og Spa kl. 1800.

Visjon presentert for fylket

Publisert 12. mai 2010 under Visjon

Visjonsutkastet til Førde Framover er no presentert for både Førde kommune, stortingsbenken Sogn og Fjordane og fylkesutvalet. I tillegg er den presentert for ulike organisasjonar i Førde.

Bakgrunnen er at vi i Førde Framover meiner det er viktig å orientere viktige utviklingsaktørar og interessegrupper for Førde om kva ressursar og utfordringar byen har.

- Sp flyttar 500 arbeidsplassar ut av fylket

Publisert 15. april 2010 under Visjon

Førde Sentralsjukehus

Leiar for visjonsgruppa i Førde Framover, John Helge Lunde, skriv i eit innlegg at Senterpartiet er i ferd med å flytte 500 kompetansearbeidsplassar ut av fylket i måten dei handterer sjukehussaka i Sogn og Fjordane.

Årsmelding og rekneskap 2009

Publisert 10. mars 2010 under Byforming, Omdømme, Visjon

Vil du vite kva Førde Framover har gjort i 2009? Vil du sjå kva vi har brukt pengane til?

Les årsmelding og rekneskap for 2009, som er klart, godkjent og signert av styringsgruppa (John Helge Lunde, Svein Arne Skuggen Hoff, Margunn Masdal og Anne-Mette Hjelle).

Høge mål for Førdesamfunnet

Publisert 14. januar 2010 under Visjon

Visjon og verdiar for Førdesamfunnet

Skal Førde lukkast, er folketalsvekst heilt avgjerande. Korleis det kan skje, kan du lese om i utkastet til visjon og mål for Førdesamfunnet, som visjonsgruppa no er klar med.  Her kan du laste ned og lese innhaldet i;

  1. Kortversjon visjon, mål og verdiar
  2. Arbeidsdokument for visjon, mål og verdiar

I kveld blei utkastet presentert for Førde formannskap. Les dei ulike reaksjonane frå formannskapet…

140 signerte for kjeldesortering i Førde

Publisert 14. desember 2009 under Omdømme, Visjon

Natur og Ungdom i Førde. F.v. Mari Frøyen og Dorte Gytri frå Natur og Ungdom Sogn og Fjordane. T.h. leiar av Førde Sport, Øystein Djupvik. Foto: Anne-Mette Hjelle

Medan statsleiarar frå heile verda diskuterte klima i København, gjekk medlemmer frå Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane rundt i Førde for å samle underskrifter til støtte for kjeldesortering også i regionsenteret.

Vil byggje “Førdehus” i Malawi

Publisert 15. november 2009 under Visjon

FolkeaksjenBli med å ta eit tak - for å byggje tak på samfunnshuset i Førde sin venskapsby i Malawi. Oddvar Torsheim er med på laget.

Førde som eit lite finanssenter

Publisert 12. oktober 2009 under Omdømme, Visjon

Arvid Andenæs. Bilde henta frå twitterPå bloggen til Sparebanken Sogn og Fjordane, skriv adm.dir. Arvid Andenæs om finanssenteret Førde.

Etter hans erfaring har storleik noko å seie. Ikkje minst når det gjeld kompetansemiljø.

Førde er motoren…

Publisert 29. september 2009 under Visjon

Knut Vareide frå Telemarksforskning. Foto: Arild Nybø- Førde er motoren - men Eid er einaste kommune med god attraktivitet og god næringsutvikling.

Det var konklusjonen til Knut Vareide frå Telemarkforsking, som presenterte ein fersk og svært interessant næringsanalyse for E39-regionen i Sogn og Fjordane på konferansen i Førde i september.

Tips til kunstturar i Førde

Publisert 7. juli 2009 under Byforming, Omdømme, Visjon

Framsida av "På leit i Førde"

Førde Framover si sommargåve til innbyggjarar og tilreisande i Førde er dette heftet, som viser to ulike turar du kan ta for å finne kunstverk plassert ute i Førde.

Det er sett opp ei raud gårute og ei blå køyrerute. Vi håpar den vil falle i smak og inspirere til ein kunsttur i Førde!