Sluttmarkering av Førde Framover

Publisert 7. august 2010 under Byforming, Omdømme, Visjon

Byformingsgruppa i FirdaFørde Framover inviterer alle som har vore involvert i prosjektet til ei sluttmarkering 8.september 2010, på Rica Sunnfjord Hotel og Spa kl. 1800.

Når verda kjem til Førde

Publisert 8. juli 2010 under Omdømme

Munkar på besøk i Førde

Fridomsmusikk er tema når Førdefestivalen blir arrangert for 21. gong. I alt 250 artistar frå 24 nasjonar deltek.  Med på feiringa er også festivalens høge beskyttar - HM Dronning Sonja.

Donkeyboy til Sommarfesten!

Publisert 10. april 2010 under Omdømme

I år utvidar Sommarfesten med ein dag retta mot dei under 18 år. Det skjer fredag 4. juni. Dagen etter blir det Sommarfest for dei over 18 med Bjørn Hellfuck, Donkeyboy, Ralph Myerz og vinnar av talent 2010 på scena.  Sommarfesten er i år flytta til Festplassen!

Årsmelding og rekneskap 2009

Publisert 10. mars 2010 under Byforming, Omdømme, Visjon

Vil du vite kva Førde Framover har gjort i 2009? Vil du sjå kva vi har brukt pengane til?

Les årsmelding og rekneskap for 2009, som er klart, godkjent og signert av styringsgruppa (John Helge Lunde, Svein Arne Skuggen Hoff, Margunn Masdal og Anne-Mette Hjelle).

Førdegruppe kjempar for barns rettar

Publisert 9. februar 2010 under Omdømme

Vi kan ikkje godta at Norge bryt FNs barnekonvensjon i asylsaker! Det er bodskapen frå ei gruppe unge og vaksne i Førde.

LAGAR STØTTEMARKERING: Ei gruppe unge og vaksne i Førde har teke initiativ til ei støttemarkering for asylsøkjarborn i landet. Dei meiner at mange vedtak er i strid med FNs barnekonvensjon. Her er ein del av gruppa, framme f.v.: Nina-Marie Hjellbrekke, Åse-Linn Hollevik. Midten: Harald Olav Wiken, Astrid Horstad, Siv Jorunn Hjellbrekke, Margrethe Henden Aaraas. Bak: Gunnstein Fidjestøl, Norunn Bremstein, Johan Bengtsson, Arild Nybø, Turi Bruland og Liv Bergliot Løken.MARKERTE STØTTE: Ei gruppe unge og vaksne i Førde arrangerte ei støttemarkering for asylsøkjarborn i landet. Dei meiner at mange vedtak er i strid med FNs barnekonvensjon. Her er ein del av gruppa, framme f.v.: Nina-Marie Hjellbrekke, Åse-Linn Hollevik. Midten: Harald Olav Wiken, Astrid Horstad, Siv Jorunn Hjellbrekke, Margrethe Henden Aaraas. Bak: Gunnstein Fidjestøl, Norunn Bremstein, Johan Bengtsson, Arild Nybø, Turi Bruland og Liv Bergliot Løken.

Sunnfjord i siktet!

Publisert 4. februar 2010 under Omdømme
sunnfjord-standen-3Øyvind Bang-Olsen (Sunnfjord 2020), Silja Juklestad (prosjektleiar for mobilisering og tilbakeflytting i Jølster), Anne Berg – (prosjektleiar tilflyttarprosjektet) og Frode Fluge (rådgjevar).

Sunnfjord-kommunane stiller sterkt på Framtidsfylket sine karrieremesser i Oslo, Trondheim og Bergen. I Oslo var det rekordmange gjester som kom for å sjå kva Sogn og Fjordane har å by på for dei som vil flytte til fylket.

Gå til nettsida til Sunnfjord Næringsutvikling eller gründerportalen Driftig.no om du vil vite meir om kva dei gjer for deg som vil starte eigen bedrift.

Vil rydde opp i Førde

Publisert 12. januar 2010 under Omdømme

Politikarane i Førde vil ha eit bysentrum som framstår reint, tiltalande og som tek framtidas miljøutfordringar på alvor. No skal det setjast ned eit utval som skal rydde opp. Alle må bidra.

Innovasjon for heile fylket

Publisert 7. januar 2010 under Byforming, Omdømme

Arild Wåge i Næringsbygg. Foto: Vegard Fimland

- Det er unikt at Førde kommune tenkjer i slike kryss, at dei vil kombinere aktivitetane sine med næringsaktivitet. Det er også viktig for både Førde og regionen at det blir ny puls i sentrum sør. Det seier arkitekt Arild Wåge til magasinet Næringsbygg, som over fire sider i siste nummer viser planane for det nye rådhuskvartalet.  Les heile reportasjen i magasinet for Hordaland og Sogn og Fjordane…

Førde best på nett

Publisert 15. desember 2009 under Omdømme

kvalitet-pa-nettFørde kommune fekk 6 stjerner i kvalitetssjekken til Difi (Direktoratet for offentleg forvalting og IKT) over offentlege nettstader. Det betyr at Førde er best på nett i Sogn og Fjordane!

140 signerte for kjeldesortering i Førde

Publisert 14. desember 2009 under Omdømme, Visjon

Natur og Ungdom i Førde. F.v. Mari Frøyen og Dorte Gytri frå Natur og Ungdom Sogn og Fjordane. T.h. leiar av Førde Sport, Øystein Djupvik. Foto: Anne-Mette Hjelle

Medan statsleiarar frå heile verda diskuterte klima i København, gjekk medlemmer frå Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane rundt i Førde for å samle underskrifter til støtte for kjeldesortering også i regionsenteret.