Sluttmarkering av Førde Framover

Publisert 7. august 2010 under Byforming, Omdømme, Visjon

Byformingsgruppa i FirdaFørde Framover inviterer alle som har vore involvert i prosjektet til ei sluttmarkering 8.september 2010, på Rica Sunnfjord Hotel og Spa kl. 1800.

Åtte millionar til folkepark i Førde

Publisert 6. mai 2010 under Byforming

Sparebanken Sogn og Fjordane har gitt ei gåve på åtte millionar kroner til Hafstad Idrettspark. - Det er på tide at banken bidreg på eit så viktig prosjekt i Førde, seier direktør Kjetil Bjørset i Sparebanken Sogn og Fjordane til avisa Firda. Den nye folkeparken vil kunne vere ein realitet i 2012. Sjå 3D-film om Hafstad Idrettspark.

Årsmelding og rekneskap 2009

Publisert 10. mars 2010 under Byforming, Omdømme, Visjon

Vil du vite kva Førde Framover har gjort i 2009? Vil du sjå kva vi har brukt pengane til?

Les årsmelding og rekneskap for 2009, som er klart, godkjent og signert av styringsgruppa (John Helge Lunde, Svein Arne Skuggen Hoff, Margunn Masdal og Anne-Mette Hjelle).

Innovasjon for heile fylket

Publisert 7. januar 2010 under Byforming, Omdømme

Arild Wåge i Næringsbygg. Foto: Vegard Fimland

- Det er unikt at Førde kommune tenkjer i slike kryss, at dei vil kombinere aktivitetane sine med næringsaktivitet. Det er også viktig for både Førde og regionen at det blir ny puls i sentrum sør. Det seier arkitekt Arild Wåge til magasinet Næringsbygg, som over fire sider i siste nummer viser planane for det nye rådhuskvartalet.  Les heile reportasjen i magasinet for Hordaland og Sogn og Fjordane…

Pengar til viktige prosjekt i Førde

Publisert 7. desember 2009 under Byforming, Omdømme

BystienBåde Bystien i Førde, tilflyttingsprosjektet, Festplassen i Førde, forstudie på Innovasjonssenter i Førde og fleire andre regionale fellestiltak har fått pengar frå INU-fondet.

- Eit viktig byutviklingstiltak i Førde

Publisert 17. november 2009 under Byforming

rendez-vous- Planane og vinnarutkastet for omgjering av eit heilt kvartal i Sentrum Sør er eit byutviklingsprosjekt som vil forandre både innbyggarane og dei tilreisande si oppleving og forståing av byen.

- Stilig med Førde i 3D

Publisert 29. oktober 2009 under Byforming

Elevar frå Slåtten skule under presentasjonen av det interaktive programmet med Førde i 3D. Frå Ida, Massoma, Thea Louise, Maren og Julie. Foto: Guro Øren SkeiNærmare 150 personar møtte opp i Førdehuset på lanseringa av den interaktive 3D modellen av Førde.

Blant dei frammøtte var to klasser i frå Øyrane vgs., ein klasse frå Slåtten Skule, og alle medlemma i bystyret i Førde.

“Rendez-Vous” vant arkitektkonkurransen

Publisert 19. oktober 2009 under Byforming

PERSPEKTIV FRÅ NORDVEST: - Avtrapping av fasaden gir overdekking, terrassar og tilpasning til eksistrerande byskala, skriv vinnarane i forslaget.

Nordplan AS, Mestres Wåge Arquitectes og 70gr. Nord står bak vinnarutkastet av plan- og designkonkurransen for rådhuskvartalet i Førde.

Tips til kunstturar i Førde

Publisert 7. juli 2009 under Byforming, Omdømme, Visjon

Framsida av "På leit i Førde"

Førde Framover si sommargåve til innbyggjarar og tilreisande i Førde er dette heftet, som viser to ulike turar du kan ta for å finne kunstverk plassert ute i Førde.

Det er sett opp ei raud gårute og ei blå køyrerute. Vi håpar den vil falle i smak og inspirere til ein kunsttur i Førde!

750.000 kroner til Bystien

Publisert 2. juli 2009 under Byforming
Frå venstre; Odd Erik Gullaksen, Einar Holsvik i Gjensidigestiftelsen og Jon Helge Lunde, styreleiar i Bystien. Foto: Marie S. Osland, FirdaFrå venstre; Odd Erik Gullaksen, Einar Holsvik i Gjensidigestiftelsen og Jon Helge Lunde, styreleiar i Bystien. Foto: Marie S. Osland, Firda

Gjensidigestiftelsen overrekte i kveld ein sjekk på 750.000 kroner til stiftinga Bystien i Førde.

- Vi i Gjensidigestiftelsen støttar berre gode formål, der tryggleik og helse er to viktige stikkord. Dette er eit slikt prosjekt, seier distriktsansvarleg på Vestlandet, Einar Holsvik til firda.no.