Bystien i Førde


Den opplyste Bystien i Førde - frå sentrum og opp på Hafstadfjellet - skal stå klar i 2011. Med rasteplassar med informasjon, leik og god utsikt skal stien og fjellet vere med å styrke førdeidentiteten.

Historie

Idéen om ein bysti kom i 2007 og blei fulgt opp av eit interrimsstyre beståande av Odd Erik Gullaksen, Rolf Årdal, Christina Kvamme og John Helge Lunde.  Sjå Presentasjon av Bystien (pr. nov.09)

Stiftinga

Interimsstyret tok våren 2008 kontakt med alle grunneigarar i området og i samarbeid med Førde kommune, ved rådmann Ole John Østenstad, inviterte dei til informasjonsmøte på Rica Sunnfjord Hotell den 20. mai 2008. Resultatet vart Stiftinga Bystien - Førde Byutvikling, etablert med same styre som i interimsstyret.

Stiftinga vart registert i Foretaksregisteret i Brønnøysund den 7. august 2008.

Reguleringsplan

Førde kommune har utarbeidd forslag til reguleringsplan og den er godkjent.

Oppstart

Styret i Stiftinga har engasjert Xform AS v/sivilarkitekt Christina Kvamme som prosjektleiar for prosjektet.

Byggearbeidet vil starte i løpet av 2010, noko avhengig av når Stiftinga Bystien har oppnådd einigheit med grunneigarane i området.

Finansiering

I tillegg til arbeidet med grunnforholda og planlegginga av sjølve byggeprosessen vil styret arbeide vidare med finansiering av Bystien. All finansiering må vere på plass seinast hausten 2010.

Investeringsramma - inkludert lyssetting - er på kr 8,5 mill inkl. kr 0,5 mill i dugnad. Bystien er tenkt finansiert med gåve og sponsormidlar. Stiftinga Bystien har opplevd ei stor interesse for prosjektet og ein stor del av Bystien er per dato finansiert. Sjå oversikt over bidragsytarar Bystien pr. november 2009.

Ei av sponsoravtalene er med Gjensidigestiftelsen, som i byrjinga av juli overrekte ein sjekk på 750.000 kroner. Les om overrekkinga på Firda.no.

Det er ønskjeleg at fleire bidreg økonomisk og interesserte kan ta kontakt med styremedlemmene i Bystien.

Sjå elles;

Stiftinga Bystien årsrekneskap 2008

Stiftinga Bystien årsrekneskap 2009

Klikk på bildet og sjå film frå då Bystien presenterte seg på Inspirasjonsmessa i Førdehuset våren 2009.

Sjå film frå Inspirasjonsmessa laga av Christina Kvamme