Fridomsmusikk er tema når Førdefestivalen blir arrangert for 21. gong. I alt 250 artistar frå 24 nasjonar deltek. Med på feiringa er også festivalens høge beskyttar - HM Dronning Sonja.
- For oss som lever i eit fritt land er det lett å gløyme at mange regime ser på musikk som farleg, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. Kunst, ikkje minst musikk, har ei enorm kraft og kan vere utfordrande og farleg, seier Bjørkum og er stolt over at tema er blitt så godt motteke.
300 stiller som frivillige under festivalen. Fem personar er tilsett i Førdefestivalen og leiinga veit etter 21 år korleis dei skal halde ved like entusiasme og pågangsmot etter mange års arbeid, unngå slitasje på medarbeidarar og dugnadsfolk.

Legg inn kommentar