Visjon presentert for fylket

Publisert 12. mai 2010 under Visjon

Visjonsutkastet til Førde Framover er no presentert for både Førde kommune, stortingsbenken Sogn og Fjordane og fylkesutvalet. I tillegg er den presentert for ulike organisasjonar i Førde.

Bakgrunnen er at vi i Førde Framover meiner det er viktig å orientere viktige utviklingsaktørar og interessegrupper for Førde om kva ressursar og utfordringar byen har.

Vi har lagt vekt på at Førde har ei spesiell rolle i fylket,  men at Førde sjølv må vere villig til å ta rolla. Det blir også avgjerande at resten av fylket hjelper til  med å gjere Førde i stand til det.

Vi har her prøvd å vise korleis det kan gjerast gjennom engasjement, visjon og mål. Vil du også vite meir? Les visjon og mål for Førdesamfunnet (kortversjon)

Legg inn kommentar