Visjon presentert for fylket

Publisert 12. mai 2010 under Visjon

Visjonsutkastet til Førde Framover er no presentert for både Førde kommune, stortingsbenken Sogn og Fjordane og fylkesutvalet. I tillegg er den presentert for ulike organisasjonar i Førde.

Bakgrunnen er at vi i Førde Framover meiner det er viktig å orientere viktige utviklingsaktørar og interessegrupper for Førde om kva ressursar og utfordringar byen har.

Åtte millionar til folkepark i Førde

Publisert 6. mai 2010 under Byforming

Sparebanken Sogn og Fjordane har gitt ei gåve på åtte millionar kroner til Hafstad Idrettspark. - Det er på tide at banken bidreg på eit så viktig prosjekt i Førde, seier direktør Kjetil Bjørset i Sparebanken Sogn og Fjordane til avisa Firda. Den nye folkeparken vil kunne vere ein realitet i 2012. Sjå 3D-film om Hafstad Idrettspark.