- Sp flyttar 500 arbeidsplassar ut av fylket

Publisert 15. april 2010 under Visjon

Førde Sentralsjukehus

Leiar for visjonsgruppa i Førde Framover, John Helge Lunde, skriv i eit innlegg at Senterpartiet er i ferd med å flytte 500 kompetansearbeidsplassar ut av fylket i måten dei handterer sjukehussaka i Sogn og Fjordane. —————————————————————————————————————————————————
John Helge Lunde“Den pågåande sjukehusdebatten her i fylket og i landet elles hardnar til. Slik må det gå når grendepolitikk og kjensler får styre debatten.

Den norske sjukehusstrukturen blei, i stor utstrekning, lagd før både bilane, helikopter og antibiotika var oppfunne. Manglande strukturelle grep medfører soleis uvisse om framtida, manglande kvalitet og eit enorm pengebruk. Dette verken vil eller kan halde fram. Store endringar kjem til å skje av økonomiske, men spesielt av kvalitetsmessige årsaker.

Tryggleik og arbeidsplassar

Sjukehusdebatten her i fylket handlar om to ting; tryggleik for innbyggarane og arbeidsplassar. Når det gjeld tryggleik for innbyggarane verkar debatten å ha spora heilt av. Det verkar som nokon meiner at vi på kvart nes må ha eit sjukehus som dekkar alle akuttbehov. Vi har ikkje eit einaste slikt sjukehus i fylket. Dei tyngste akuttilfella knytt til t.d. trafikkulykker og hjarteinfarkt vert sende med helikopter til Haukeland. Vår viktigaste akuttberedskap er soleis ikkje sjukehusa, men ambulansar og helikopter. Vi har ambulansetenester i tilnærma kvar kommune og vi har to helikopter tilgjengelege. Det må vere fantastisk for vel 100.000 menneske.

Helse Førde har eit kostnadsnivå som ligg ca 10% over kva ein har andre stadar i landet som det er naturleg å samanlikne seg med. Helse Førde må soleis spare minimum kr 150 mill. Helse Førde har på sitt ordinære budsjett for 2010 kr 2 mill til investeringar i medisinsk utstyr. Eit normalt årleg nivå er på ca kr 30-40 mill. I Helse Førde har den økonomiske situasjonen resultert i manglande investeringar i ei årrekkje. Dette medfører at fagfolk sluttar, noko som igjen forsterkar dei kvalitetsmessige konsekvensane av manglande investeringar.

Handlar om prioritering

Det verkar som dei fleste av våre politikarar nektar å ta realiteten innover seg. Dei greier ikkje å prioritere. Eit heiderleg unntak er ordførar Silden i Vågsøy. Han seier rett ut at sentralsjukehus-funksjonane ved sjukehuset i Førde må leggjast ned. Han har rett i at det vil vere det einaste alternativet til Helse Førde sitt forslag om distriktsmedisinske senter for Eid/Lærdal. Eg meiner at ei slik løysing er eit stort tap for fylket.

Det er ein realitet at lokalsjukehusa Eid og Lærdal ikkje kan fungere utan Sentralsjukehuset. Ei nedbygging av Sentralsjukehuset tilseier soleis på sikt tre nærsjukehus i fylket. For Eid og Lærdal vil skilnaden mellom nærsjukehus og distriktsmedisinske senter kombinert med samhandlingsreforma truleg vere særs liten. Helse Førde sitt forslag tilseier at ein kombinert med samhandlingsreforma ikkje skal redusere tal årsverk knytt til helse i Lærdal/Eid.

Høgkompetansearbeidsplassar ut

Konsekvensane for fylket ved ei nedlegging av sentralsjukehusfunksjonane ved sjukehuset i Førde vil vere at svært mange høg kompetansearbeidsplassar på sikt vert flytta ut av fylket, og at dei fleste av dei pasientane som i dag blir behandla i Førde må flyttast til Bergen. I dag har ikkje Haukeland kapasitet til å ta desse pasientane, men det seier seg sjølv at Helse Bergen på sikt vil seie ja til ei slik mulegheit.

Senterpartiet og fylket

SP i regjering meiner tydelegvis at Soria Moria-vedtaket om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned er langt viktigare enn helsetilbodet til folk i fylket og tap av ca 500 kompetansearbeidsplassar. Sjølv er eg oppvaksen i ei SP-familie og er glad for at det framleis finst SP-politikarar lokalt og i Helse Førde styret som evnar å sjå heilskapen. Statsråd og partleiar Liv Signe Navarsete kan med sitt spel påføre fylket eit alvorleg banesår. Ho vil sjølvsagt ikkje innrømme at ho vil bygge ned Sentralsjukehuset, men det er den einaste konsekvensen ved at Helse Førde sitt forslag ikkje vert vedteke. Ei utsetjing ved at Navarsete greier å få med seg nokre millionar til Helse Førde i 2010 budsjett vil sjølvsagt ikkje medføre noko anna enn framleis uvisse om framtida.

Folketalsutvikling og sjukehus

Fylket si dårlege folketalsutvikling skyldast manglande sysselsetjingsvekst innan offentleg og privat tenesteyting. Sentralsjukehuset med over 1000 årsverk er det einaste verkelege kompetansemiljøet vi har i fylket. Eit kompetansemiljø vi er stolte av. Førde er ein liten stad, og knapt stor nok til å gje ein god nok grobotn for eit slikt kompetansemiljø. Den usikkerheita som ei nedbygging i Førde over tid har skapt, kombinert med Navarsete sitt spel om og sine haldningar til Sentralsjukehuset, gjer det endå vanskelegare å forsvare den kompetansen som er bygd opp på Sentralsjukehuset.

Navarsete sitt “kunststykke”

Grendepolitikaren Navarsete kan soleis greie det kunststykket å både redusere sjukehustilbodet i fylket drastisk og flytte ca 500 kompetansearbeidsplassar ut av fylket, utan at Eid/Lærdal vinn noko særleg på det. Helseministeren, som er tidlegare toppolitikar i Bergen, har til no synt ein imponerande heilskapstenking, men med dei utfordringar ho har andre stadar i Noreg kan ho kome til å seie ja takk til pasningen frå Navarsete om ca 500 nye kompetansearbeidsplassar til Bergen på sikt. Navarsete synes truande til å forhandle bort både Sentralsjukehuset og andre sjukehusfunksjonar i landet for å bli populær i eiga grend.”

John Helge Lunde

Legg inn kommentar