Vi kan ikkje godta at Norge bryt FNs barnekonvensjon i asylsaker! Det er bodskapen frå ei gruppe unge og vaksne i Førde.
MARKERTE STØTTE: Ei gruppe unge og vaksne i Førde arrangerte ei støttemarkering for asylsøkjarborn i landet. Dei meiner at mange vedtak er i strid med FNs barnekonvensjon. Her er ein del av gruppa, framme f.v.: Nina-Marie Hjellbrekke, Åse-Linn Hollevik. Midten: Harald Olav Wiken, Astrid Horstad, Siv Jorunn Hjellbrekke, Margrethe Henden Aaraas. Bak: Gunnstein Fidjestøl, Norunn Bremstein, Johan Bengtsson, Arild Nybø, Turi Bruland og Liv Bergliot Løken.
Humanitær aksjon
Gruppa har starta ein humanitær aksjon med krav om at barnas rettar skal kome i fremste rekkje når norske styresmakter vurderer asylsøknader. For å få med så mange som mogleg, har dei oppretta nettsida www.barna1.no.
Avslag på asylsaker
Bakgrunnen er at det i Førde er fleire barn som den siste tida har fått avslag på asylsøknader, trass i at dei er etablerte i lokalsamfunnet og har ei sterk tilknyting til landet.
Fint at dette blir publisert på Førde Framover. Vi bur i eit flott lokalsamfunn, og det er alt mange som gir si støtte til Barna1-aksjonen. Det handlar om rettane til asylsøkjar-barn som har fått tilknyting til eit lokalsamfunn, eller som av humanitære omsyn må få bli. Kom på markeringa i Førdehuset - og i fakkeltoget :-) MHAa