Høge mål for Førdesamfunnet

Publisert 14. januar 2010 under Visjon

Visjon og verdiar for Førdesamfunnet

Skal Førde lukkast, er folketalsvekst heilt avgjerande. Korleis det kan skje, kan du lese om i utkastet til visjon og mål for Førdesamfunnet, som visjonsgruppa no er klar med.  Her kan du laste ned og lese innhaldet i;

  1. Kortversjon visjon, mål og verdiar
  2. Arbeidsdokument for visjon, mål og verdiar

I kveld blei utkastet presentert for Førde formannskap. Les dei ulike reaksjonane frå formannskapet…

Bjørn Harald Haugsvær (Krf) : - Eg er imponert over kva de har fått til. Vi blir sittande med enkeltsaker, medan de har løfta blikket og skua framover. Eg føler meg inspirert! Dette løftar oss ut av kvardagen, sa Haugsvær.

Olve Grotle (H): - Dette samsvarer veldig med det vi som politikarar tenkjer.

Rådmann Ole John Østenstad: - Dette er nyttig for oss i kommuneplanprosessen vi har foran oss.

Norvall Nøringset (Sv): - Måten dette har vore gjennomført på er veldig positivt.

Jorunn Kirketeig (Ap) - Eg har veldig tru på at Førde kan lukkast. Men dette viser tydeleg kor viktig helsesektoren er for oss og at vi ikkje har råd til å miste noko.

Knut Johansen (Ap) - Eg har veldig sansen for kreativiteten og arbeidet, men ville gjerne hatt meir om barn og unge inn i visjonen.

Ordførar Nils Gjerland (Sp) - Det blir enklare å gjennomføre politiske endringar med dette.

Jan Thaule (V): - Mennesket i sentrum er eit gamalt venstre-slagord, så dette likar eg. Samstundes viser det alvoret i forhold til sentraliseringa m.a. til Bergen. Det blir viktigare enn nokon gong at vi har eit kvalitetsstempel på alt vi leverer i Førde!

Vil du vite meir? Visjonsgruppa er tilgjengeleg for foredrag og diskusjon. Kontakt John Helge Lunde på tlf. 474 66 074

2 kommentarar til “Høge mål for Førdesamfunnet”

  1. egil hjelmeland seier:

    Førde framover
    v/John Helge Lunde
    Egil Hjelmeland
    Hornnesvegen 33b
    6800 Førde
    Viser til oppslag i Firda 15. januar, der Førde Framover etterlyser meiningar om korleis Førde by kan få ein samlande attraksjon.
    I artikkelen vert det og hevda at Førde manglar ein verkeleg ”identitesbyggjar”. ”Eit sundfjordsk Eiffeltårn”.
    va med eit fokus på Førde sin største kulturperson gjennom alle tider, komponisten Johannes Haarklou frå Førde kommune?
    Så langt i Førde si kulturhistorie er det berre komponisten Haarklou som er slått til riddar av 1. Klasse av den Kongelige Norske Sanct Olavs Orden.
    Grunngjevinga på diplomen er fylgjande: “For fortjenstfuld kunstnerisk Virksomhet.” Livsverket er elles synleggjort i professor Benestad sin doktorgrad i boka: Mannen og Verket frå 1961, der han mellom anna seier det slik::” Som komponist er Haarklou utvilsomt en av de mest allsidige komponister som Norge noen gang har hatt, men han levde i vårt musikklivs ”gullalder” og måtte finne seg i å bli stilt helt i skyggen av Grieg, Svendsen og Sinding”.
    Som Bergen bygger identitet rundt Grieg, skulle Førde og kunne skape fokus og samlande identitet rundt ein langt større og meir allsidig komponist
    enn sine samtidige. Som korkomponist er det ingen som slår Haarklou. Sidan
    ”Eiffeltårn” er nemnd i avisa, kan ein nemne at Haarklou fekk æra av å dirigere eit stort norsk mannskor som song Varde i Paris under 1000-års jubileet.

    Førde som kulturby?
    Torsdag 13. mai 2010, er det 85 år sidan Haarklou døde.(Helgedag i år)
    Kva med å innføre ”Haarklou sin dag”.
    Førde har tre korps og fem songkor. Tekst og melodi til Varde ligg klare både for kor og korps.Kva med å oppmode Førde kulturskule til å koordinere eit opplegg, der korps og kor øver inn melodien Varde for framføring i sentrum 13. mai 2010?

    Monument av Haarklau i sentrum?
    I 1927 reiste vener av Haarklou ein minnestein i Haukedalen. Steinen har eit relieff av Haarklou, som er laga av bilethoggaren Maja Refsum. Dette vil truleg kunne kopierast og brukast på eit monument i Førde.
    Tidlegare leiar i Førde framover, Lidvin Osland, sa i eit intervju med Firda:”Dersom det skal reisast eit monument i Førde, bør det vere av komponisten Haarklou!”

    2
    Haarklou og Førde internasjonale musikkfestival.
    Folkemusikkfestivalen er den største i Noreg og presenterer variert folkemusikk frå ulike kulturar verda rundt. Når Førde kommune i dag kan skilte med ein av Noregs mest allsidige komponistar som i tillegg har gjort ein nasjonal innsats i høve historia til folkemusikken, og komponert fleire verk med sterk tilknyting til folkemusikktema, ville det vere naturleg å bruke Haarklou som festivalkomponist og presentere deler av Haarklou sin musikk bygd på folkeviser. Å kunne knytte Førde sin største kulturperson til folkemusikkfestivalen, vil kunne danne enno sterkare musikkhistorisk fundament for festivalen.

    ”Kjerringa med staven var frå Haukedalen!”
    Det er statsstipendiat Arne Bjørndal (1882-1965), som har granska seg fram til dette, og i ein samtale med Gula Tidend 30. desember 1961, slår han fast at det ikkje er tvil om at denne landskjende kvinna var vestlending.
    Sjølv om festivalen hentar inn spennande folkemusikk frå heile verda, vil ei samtidig fokusering på ei folkevise som kan ha rot i vårt eige nære miljø, heilt klart kunne knytte festivalen sterkare til lokalmiljøet.
    I festivalen sitt opptog gjennom Førde sentrum, burde folkevisa Kjerringa med staven fronte prosesjonen på ein eller annan måte. Saman med Indre Sunnfjords Spelemannslag kunne song og stordansgruppe leie opptoget og for første gong kunne tilskodarane langs marsjruta synge med på teksten og styrke sin patriotisme og Førde-identitet.
    Guinnesrekord
    Sidan folkevisa Kjerringa med staven, er ein stordans som ring, kunne ein prøve å sette verdsrekord med at førdefolk danna ein stor ring som gjekk over begge bruene, (Langebrua og Storehagen bru.) Dei tre korpsa kunne plasserast på tangen ved Fisketorget, eller på ulike områder i sirkelen.
    Med mykje folk kunne ein danne fleire ringar som gjekk motsatt veg.
    Skuleelevar og pensjonistar kan ta del t.d. 13. mai, på Haarklou sin dag.
    Ringane vil kunne dannast utan at biltrafikken vert direkte hindra.
    ”Verdens største folkedansring i Førde by”.
    ” Førde kan bli ei drivkraft med menneska i sentrum”

    Lukke til videre med dugnaden!

    Venleg helsing

    Egil Hjelmeland

  2. Anne-Mette Hjelle seier:

    Fantastiske idear, Egil Hjelmeland. Så spennande tankar du har! Eg er samd i at Johannes Haarklou burde vore trekt meir fram i lyset og her har du gitt oss forslag til korleis det kan gjerast. Her er det mange som kan trekke i trådane….

Legg inn kommentar