Førde best på nett

Publisert 15. desember 2009 under Omdømme

kvalitet-pa-nettFørde kommune fekk 6 stjerner i kvalitetssjekken til Difi (Direktoratet for offentleg forvalting og IKT) over offentlege nettstader. Det betyr at Førde er best på nett i Sogn og Fjordane!

140 signerte for kjeldesortering i Førde

Publisert 14. desember 2009 under Omdømme, Visjon

Natur og Ungdom i Førde. F.v. Mari Frøyen og Dorte Gytri frå Natur og Ungdom Sogn og Fjordane. T.h. leiar av Førde Sport, Øystein Djupvik. Foto: Anne-Mette Hjelle

Medan statsleiarar frå heile verda diskuterte klima i København, gjekk medlemmer frå Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane rundt i Førde for å samle underskrifter til støtte for kjeldesortering også i regionsenteret.

Varg Veum-film frå Førde?

Publisert 13. desember 2009 under Omdømme

judith-og-gunnar. Foto: Krimfest.no/Jonny EngebøNeste Varg Veum-film kan bli lagt til Førde. Går alt etter planen, startar innspelinga av Gunnar Staalesens «Dødens drabantar» i Førde i april månad.

Og kvinna som står bak er krimdronninga i Førde, Judith Hegrenes.

Pengar til viktige prosjekt i Førde

Publisert 7. desember 2009 under Byforming, Omdømme

BystienBåde Bystien i Førde, tilflyttingsprosjektet, Festplassen i Førde, forstudie på Innovasjonssenter i Førde og fleire andre regionale fellestiltak har fått pengar frå INU-fondet.

Applaus for Førde Kammerkor

Publisert 5. desember 2009 under Omdømme

Førde kammerkor satsa på Bachs JuleoratorietDet vart ståande applaus frå ei fullsett Førde kyrkje etter at Førde kammerkor framførte Bach juleoratoriet 5.desember.

- Fantastisk! For ei oppleving, var det mange som kommenterte på veg ut. 6. desember står Eid Operahus for tur.

Orkesteret er bygd opp rundt distriktsmusikarane, profesjonelle musikarar i Sogn og Fjordane, pluss ei stor gruppe innleigd frå Bergen og Oslo Filharmoniske orkester.

Les omtalen frå konserten i Firda og meir om Førde Kammerkor