Tips til kunstturar i Førde

Publisert 7. juli 2009 under Byforming, Omdømme, Visjon

Framsida av "På leit i Førde"

Førde Framover si sommargåve til innbyggjarar og tilreisande i Førde er dette heftet, som viser to ulike turar du kan ta for å finne kunstverk plassert ute i Førde.

Det er sett opp ei raud gårute og ei blå køyrerute. Vi håpar den vil falle i smak og inspirere til ein kunsttur i Førde!

750.000 kroner til Bystien

Publisert 2. juli 2009 under Byforming
Frå venstre; Odd Erik Gullaksen, Einar Holsvik i Gjensidigestiftelsen og Jon Helge Lunde, styreleiar i Bystien. Foto: Marie S. Osland, FirdaFrå venstre; Odd Erik Gullaksen, Einar Holsvik i Gjensidigestiftelsen og Jon Helge Lunde, styreleiar i Bystien. Foto: Marie S. Osland, Firda

Gjensidigestiftelsen overrekte i kveld ein sjekk på 750.000 kroner til stiftinga Bystien i Førde.

- Vi i Gjensidigestiftelsen støttar berre gode formål, der tryggleik og helse er to viktige stikkord. Dette er eit slikt prosjekt, seier distriktsansvarleg på Vestlandet, Einar Holsvik til firda.no.

Førde mest attraktivt i fylket!

Publisert 2. juli 2009 under Omdømme

Ei omdømmeundersøking utført av Burson Marsteller - på oppdrag frå Framtidsfylket - viser at Førde er den mest attraktive plassen å flytte til i Sogn og Fjordane.