Årsmelding og rekneskap

Publisert 25. april 2009 under Byforming, Omdømme, Visjon

Vi i Førde Framover er klare med årsmelding og rekneskap slik at du kan følgje med på kva som blei gjort det første året. Også 2009 ser lovande ut og du er velkommen til å ta kontakt med personane i prosjektet for å høyre meir om aktiviteten. Last ned  Årsmelding 2008 og Rekneskap 2008.

Åtvarar mot “by”-jåleri

Publisert 22. april 2009 under Omdømme

FørdenamnFørdianar Ståle Sørbotten meiner politikarane må rydde opp i alle stadnamna med by-prefiks som er i ferd med å snike seg inn i Førde.

“Byparken” og “Byfjellet” er verdilause namn og har ingenting med lokale namnetradisjonar å gjere, seier den pensjonerte jordskiftedommaren til Firda.