Førdeengasjement under Inspirasjonsmessa
Publisert 26. mars 2009 under OmdømmeInspirasjonsmessa 2009 i Førdehuset er over. Sjå film frå Førdestanden, der både kommunen og fleire organisasjonar og prosjekt sto samla - for Førde.
Inspirasjonsmessa 2009 i Førdehuset er over. Sjå film frå Førdestanden, der både kommunen og fleire organisasjonar og prosjekt sto samla - for Førde.

Slik har InformMedia i Førde teikna framtidstankane til elevar ved Slåtten skule. Barna har skrive framtidsbrev frå Førde år 2025. Nokre av desse er lagt ut på Førde Framover si sone på Origo.

- Her kjem draumen av ein kulturpark, seier leiar i Førde IL, Ove Farsund, til avisa Firda. Han meiner den nye idretts- og kulturparken blir ein av landets flottaste idrettsanlegg.
Vi har i dag lagt ut informasjon om den planlagde Bystien i Førde, som skal stå ferdig sommaren 2010. Sjå i menyfeltet oppe Bystien i Førde…
Førde på 50-og 60-talet interesserer.
Eikaasalen på Rica Sunnfjord Hotel var fylt til randen då førdefotograf, Olav Reiakvam, og Førde Rotaryklubb inviterte til historisk fotovandring i gamle Førde.
Under bilder, video og lyd om Førde finn du fleire filmar, m.a. glimt frå tidlegare Førdefestivalar. Her kan du også sjå reportasjen den franske fjernsynsstasjonen France 24 lagde i fjor. Førdefestival på fransk…

Studentsamfunnet i Førde reklamerer i desse dagar for Førde som studiestad. Dei vil rekruttere fleire studentar gjennom å snakke med elevar på vidaregåande skular i området.

Som ung syns eg det var stor stas å komme til “store” Førde. Det gjer eg framleis, men no saknar eg rockeklubbar og sunn mat.
Det seier Mariann Thomassen fra Surferosa som har vore med på Jentetreff i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane.
“TIPPER DU LOTTO I VERDAL, BLIR DU MILLIONÆR.. ”
Det er tittelen på eit innlegg frå Tone Listau om korleis Førde kan styrke identiteten og omdømmet.
Her utfordrar ho næringslivet til å ta imot unge, kreative førdianarar som vil vise fram byen sin i kunst, design osv.